Fredag 18. mars lanserte vi første kvelden med «UllensvangU». Dette er et nytt initiativ fra Anna Gursli Langesæter og Arita Åkres ide, som ynskjer å fylle eit behov Ullensvang har hatt lenge. Kommunen er full av spanande unge, men kvar og korleis møtes dei?
UllensvangU er eit tverrfagleg nettverk av unge som vil vera med å byggja framtida i regionen. UllensvangU skal bidra til og leggja til rette for utvikling og kunnskapsdeling.
Målet er å etablera faste møteplassar, og skapa tverrfagleg idemyldring og inspirasjon gjennom faglege og sosiale arrangement. Samlingane er tenkt å vera på ulike lokasjonar i Ullensvang.
Ein skal byggja nye relasjonar og auka nettverket sitt - både fagleg og sosialt!
Kvelden begynte på Hotel Ullensvang med fagleg innhald frå Næringshagen, Boliden og Trolltunga Active, før vi gjekk vidare til Ekspedisjonen og konsert.
Neste samling vert 9. juni på Siderbåten - følg med!
Comments