Næringsfondet i Ullensvang har innvilga tilskot til å dekkja inntil 2500 kr i eigenandel. Denne ordninga vert vidareført vår 2022.
Døme: Semesterkontingent/kursavgift:
6000 kr + læremateriell
Eigenandel 1000 kr for deltakaren (denne ligg fast)
2500 kr bedrift (50 % av resterande kurskontingent)
2500 kr koronamidlar (50 % av resterande kurskontingent)
Læremateriell er ikkje inkludert i ordninga.
Ta kontakt på Vaksenopplæringa i Ullensvang for påmelding til kurs. Det er oppstart 16. februar. Ta kontakt med Anna via e-post anna@nhullensvang.no eller ring 95890237 dersom du vil høyra meir om ordninga.
Comentários