top of page

Rekruttering i Hardanger og Voss

Prosjektbakgrunn

I Hardanger og Voss er næringslivet under hardt press grunna låg arbeidsløyse og eit høgt tal ledige stillingar. Regionen står ovanfor ein krevjande rekrutteringssituasjon, særleg ettersom ein stor del av arbeidsstyrken nærmar seg pensjonsalder. Med mål om å trygga tilgang til kompetent arbeidskraft og styrka bulysta, har Næringshagen i Ullensvang starta prosjektet "Rekruttering i Hardanger og Voss."


Dette toårige prosjektet har som hovudmål å gjera verksemdene i regionen meir synlege i jobbmarknaden, styrka samarbeid på tvers av verksemder og offentlege instansar, og auka tilflytting til området ved å fremja “jobb for to”-løysingar som også kan sikre arbeid for partnarar.


Mål og Tiltak

Hovudmål:

  1. At verksemder som deltek i prosjektet skal kunne rekruttera tilsette med relevant kompetanse raskare.

  2. Auka sannsynet for at tilflyttarar blir buande i regionen i minst fem år.


Delmål:

  • Auke rekrutteringskompetansen i regionen

  • Styrka samarbeid mellom verksemder

  • Sikre større synlegheit av ledige stillingar

  • Utvikla eit system for å fange opp ledige ressursar lokalt og regionalt

  • Oppretta eit HR-forum for kompetanseheving og nettverksbygging

  • Marknadsføra Hardanger og Voss som ein attraktiv bu- og arbeidsregion


Tiltak:

  1. HR-Forum og Kurs: Arrangere kurs for verksemder innan rekruttering og HR, og oppretta eit forum der verksemdene kan dela erfaringar og utvikla kompetanse saman.

  2. Jobb for To: Støtta tilflyttarar ved å tilby jobb til partnarar, og bidra til auka bulyst med sosiale arrangement og nettverk for tilflyttarar.

  3. Digital Plattform: Bygge ei plattform som samlar informasjon om jobbar, bustadar og kulturelle tilbod i regionen. Denne skal synleggjere arbeidsmarknaden og bidra til at kandidatane opplever Hardanger og Voss som ein samanhengande bu- og arbeidsregion.

  4. Kontorfellesskap og Fleksible Arbeidsløysingar: Utvikle og marknadsføre kontorfellesskap og fjernarbeidsløysingar som gjer det mogleg å arbeide frå distriktet og byggje fagmiljø der.


Prosjektorganisering

Prosjektet blir leia av Næringshagen i Ullensvang, med samarbeidspartnarar som Hardanger og Voss Næringshage, NAV, Hardangerrådet, og fleire kommunar i regionen, inkludert Ullensvang, Kvam, Ulvik, Eidfjord og Voss. Prosjektet er organisert i fleire delprosjekt, slik at ein kan arbeide parallelt med rekruttering, kompetanseutvikling og bulyst.


Prosjektorganisasjon


Tiltak og aktivitetar 2024-25

Under er ei oversikt over alle tiltaka i prosjektet Rekruttering i Hardanger og Voss. Desse tiltaka har som formål å imøtekomme nokre av utfordringane vi ser i arbeidsmarknaden i regionen. Bildet gir oss eit samandrag over korleis vi jobber akkurat no med å synleggjere regionen, styrke samarbeidet mellom verksemdene, og sikre at både tilflyttarar og verksemdene får den støtta dei treng. Fleire tiltak kjem til ettersom prosjektet går vidare.



Finansiering og Framdrift

Prosjektperioden er satt til to år, frå november 2023 til november 2025, og har ein kostnadsramme på 2 466 000 NOK. Finansieringa kjem i hovudsak frå søknadar til Vestland fylkeskommune og bidrag frå kommunane og private verksemder i regionen.

Dette prosjektet er eit viktig steg mot å sikra at regionen møter dei framtidige rekrutteringsbehova og utviklar seg som ein attraktiv bu- og arbeidsplass. Gjennom tett samarbeid mellom næringsliv, offentlege instansar og lokalsamfunn, skal "Rekruttering i Hardanger og Voss" leggja til rette for at fleire kompetente arbeidskraftige vil finne si framtid i Hardanger og Voss.

65 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page