Ullensvang kommune har fått tilført nye midlar fra KMD, og har kr 1 105 000 til fordeling. Vi kan bistå i din søknadsprosess.
Søknad må leverast elektronisk på regionalforvaltning.no innen 23. januar 2022
Kven kan søkja?
Formålet med kompensasjonsordninga er å avhjelpa situasjonen i lokalt næringsliv som igjen er ramma av nye smittevernrestriksjonar.
Lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak eller nedstenging med auka kostnader eller tap av omsetning
Verksemdene må vera registrerte i føretaksregisteret og ha eit kommersielt formål
Verksemd må ha adresse i Ullensvang kommune eller dokumentera verksemd i Ullensvang med eit særrekneskap attestert av revisor eller rekneskapsførar
Verksemder som var i vanskeligheter per 31. desember 2019, ref gruppeunntaksforordningen artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje tildelast støtte.
Ta kontakt på post@nhullensvang.no for hjelp til søknad. Les meir på Ullensvang Kommune sin heimeside.
Comentarios