Fjord- og fjellfondet
Om fondet
​
I samarbeid med Sparebanken Vest og stiftinga deira Agenda Vestlandet, innvilger Hardanger og Voss Næringshage inntil 300.000,- til ein eller fleire mottakarar seinhausten 2024. Med dette vil me nå ut til innovative sjeler med spennande, nyskapande og berekraftige produkt, konsept og/eller forretningsmodellar - og med dét motivera endå fleire til å satsa.
For det spirer og gror av kreativitet og skaparvilje i regionen vår! Dette erfarer både Næringshagen og SPV støtt og stadig, i kontakten vår med både gründerar og etablerte verksemder med vekstpotensiale.
Kven kan søkje? Geografisk nedslagsfelt
Gründerar og etablerte verksemder med forretningsadresse i Voss, Kvam, Ullensvang, Eidfjord eller Ulvik.
Tildelingskriterier
Heilt generelt skal midlane tildelast næringslivsaktørar som har nyskapande idéar, prosjekt, aktivitetar eller gode omstillingstiltak.
Sentrale kriterium:
-
Vekst-, marknads- og oppskaleringspotensiale
-
Berekraft og grøn omstilling
-
Innovasjonsgrad
-
Kompetanse og implementeringskapasitet
Samtlege av desse fire kriteria treng ikkje nødvendigvis å måtta kryssast av på. Til dømes er berekraft og grøn omstilling viktig. Men aktuelle kandidatar kan skåra mindre bra på dette punktet, men likevel vinna viss dei skårar høgt på eit eller fleire av dei andre.
Utdjuping:
​
Vekst-, marknads- og oppskaleringspotensiale dreier seg om marknadsforhold og etterspurnad. Nokon kan ha ein god og berekraftig idé, men det betyr ikkje at marknaden i overskodeleg framtid nødvendigvis treng å ha betalingsvilje for produkta eller tenestene som er tenkte å bli resultata av han.
​
Med berekraft og grøn omstilling tek me utgangspunkt i fleire av FNs berekraftsmål, og spesielt 8, 9, 11 og 13 – der dei to sistnemnde kan hende er dei mest sentrale: Begrense klimaendringar og ansvarleg forbruk og produksjon. Med ansvarleg forbruk og produksjon er søkjeljoset spesielt retta mot gjenvinning, resirkulering og meir effektiv ressursutnytting, til dømes i produksjonsprosessar.
​
Innovasjonsgrad handlar om kreativitet, nytenking og omstilling; i kva grad idéen både er smart og unik. Har den potensiale til å endre verda? Noreg? Regionen vår? Lokalsamfunnet?
​
Kompetanse og implementeringskapasitet har å gjera med dei interne føresetnadene kandidatane har. Dette kan til dømes vera kunnskap, tid, nettverk, økonomi, fysiske fasilitetar og/eller andre relevante ressursar. Eigarskap og team, altså forankring, drivkraft, engasjemet og motivasjon bak prosjektet, er óg eit avgjerande kriterium for oss.
​
Frist, jury og tildeling
Søknadsfrist er 15. november 2024. Juryen består av representantar frå Hardanger og Voss Næringshage og Sparebanken Vest.
Har du spørsmål, ta kontakt med Hardanger og Voss Næringshage ved seniorrådgjevar Nils Lavik [nils@hardangervoss.no] eller seniorrådgjevar Sissel Mugås Bjørkhaug [sissel@hardangervoss.no].